Nyhetsarkiv   |   Brosjyremateriell   |   Prisar   |   Online booking   |   Linkar   |   Kontakt oss   |   Fotoalbum

Utandørsaktivitetar

Tennis og badminton
Utandørs sjakk
'Putting green' minigolf
Sykkelutleige
Utleige av robåtar

Andre aktivitetar i hotellet sitt nærområde :

 

9-hols Golfbane
(par 70). Sunnfjord Golfklubb åpna i 2000 ei flott 6-hols golfbane ved sørenden av Jølstravatnet, om lag 25 km. frå hotellet. I juni 2001 vert også dei 3 siste hola tekne i bruk og vi kan såleis tilby golfspel over 9 eller 18 hol (par 70) på ei utfordrande skogsbane i majestetisk og flott natur. Det er bygd nytt klubbhus ved bana og i tilknytning til bana er det også driving range, treningsgreen og treningsbunker. Skei Hotel er ein av hovudsponsorane til golfklubben og kan tilby gunstig green fee til hotellgjester som ynskjer å spele på bana. Fleire opplysningar får ein i hotellresepsjonen.

Rafting
Jølster Rafting er ein av dei mest aktive raftingklubbar i landet og arrangerer turar fleire dagar i veka i sommarsesongen. Turar med ulik lengde og vanskegrad vert arrangerte i elvane Jølstra og Stardalselva. Påmelding til turane til Turistinformasjonen på Skei.

Brevandring
Jølster og områda omkring er eit ypperleg utgangspunkt for brevandring på Jostedalsbreen. I sommarmånadene vert det arrangert turar med ulik lengde og vanskegrad kvar veke med godt kvalifiserte og erfarne breførarar. Meir detaljert informasjon og prisar finn ein m.a. på Glacier Team sine heimesider. Påmelding til Turistinformasjonen på Skei.

Fjellturar
Rundt Jølstravatnet finst det meir enn 30 dalføre som strekkjer seg frå bygda og innover i fjellheimen mot støylane og mot breane. I mange av desse dalføra finst gode, merka vegar og stiar. Terrenget er for det meste lett og Jølster eignar seg såleis svært godt for turar og naturopplevingar for turgåarar i alle aldersgrupper. Turkart kan ein få enten i hotellresepsjonen eller på turistinformasjonen.

Sportsfiske
Jølster er eit eldorado for sportsfiske. I alt finst det ca. 600 fiskevatn og fjellvatn i Jølster og tilgrensande fjellområde. I Jølstravatnet og i elvar og småvatn omkring kan ein drive sportsfiske mot ei svært rimeleg avgift. Fiskekort får ein kjøpt på turistinformasjonen, på hotellet og på andre overnattingsstader samt på butikkar og bensinstasjonar i bygda. For fiske med guide kan ein ta kontakt med [Norsk Fiskesenter] som held til på Vassenden, ca. 25 km. frå hotellet.

Ridning
På Norsk Fjordhestgard i Breim (ca. 25 km. frå hotellet) vert det arrangert kortare eller lengre rideturar og ridesafariar med eller utan overnatting ute. Rideinstruksjon får ein også her. Påmelding til turar eller bestilling av ridetimar skjer direkte til Norsk Fjordhestgard.