Faste utflukter
I heile sommarsesongen frå midten av mai til i slutten av september arrangerer vi utflukter kvar veke med garanterte avgangar til nokre av dei mest kjende turistattraksjonane i landsdelen. Skei Hotel er difor eit svært godt utgangspunkt for å utforske heile dette området utan å måtte pakke kofferten opp og ned kvar dag.
Her er dei utfluktene som har faste, garanterte avgangar i perioden frå 9. mai til 24. september 2011:
• Fjærland - breane og Norsk Bremuseum
• Geiranger - med fjordcruise på verdas kanskje mest kjende fjordarm
• Briksdalsbreen - Norges mest kjende og mest besøkte arm av Jostedalsbreen
• Sandane - Nordfjord Folkemuseum og gamle Gimmestad kyrkje
• Balestrand - landemerke ved Sognefjorden
Fjærland
Turen går langs med Jølstravatnet til Kjøsnes og Lunde. Derifrå gjennom den 6.350 m. lange Fjærlandstunnelen til Bøyumsdalen. Her kjem Bøyabreen nesten heilt ned til vegen. I Fjærland besøkjer vi Norsk Bremuseum med den kjende Supervideografen til Ivo Caprino. Sidan går turen vidare til Supphellebreen. Dette er Nord-Europas lågaste isbrepunkt; 51 m.o.h. Så står Bøyabreen for tur. Her tek vi også ein liten kaffipause på Brevasshytta før turen går tilbake til Skei. Garanterte avgangar kvar tysdag.
Pris pr. person: Kr 410,- (inkl. inngangsbillettar på Norsk Bremuseum og kaffistopp)
Geiranger
Turen går nordover frå Skei til Klakegg og vidare gjennom den vakre Våtedalen til Byrkjelo. Derifrå klatrar vi opp og over Utvikfjellet til Utvik. Vidare går turen langs Nordfjorden gjennom Innvik, Olden og Loen til Stryn. På Hellesylt går vi om bord i ferja for ein times Fjordcruise på Geirangerfjorden. I løpet av denne ferjeturen vil ein sjå kjende fossar som Dei Sju Søstre, Brudesløret og Brudgommen. Etter ankomst i Geiranger går turen vidare opp dalen til Djupvasshytta ved Langevatnet og derifrå til Dalsnibba (1.500 m.o.h.), der ein har eit utruleg utsyn over Geirangerfjorden og dalane omkring. Vi køyrer tilbake til Djupvasshytta og fortset innover Strynefjellet til Videseter og ned Hjelledalen til Hjelle i Oppstryn. Retur tilbake til Skei via Stryn. Garanterte avgangar kvar onsdag.
Pris pr. person: Kr 675,- (inkl. ferjebillett og bompengar til Dalsnibba)
Briksdalsbreen
Turen går nordover frå Skei til Klakegg og vidare gjennom den vakre og mektige Våtedalen til Byrkjelo. Derifrå klatrar vi opp og over Utvikfjellet til Utvik og langs Nordfjorden gjennom Innvik til Olden. Den mektige og kjende Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, ca. 20 km frå Olden. Frå parkeringsplassen ved Briksdaldbree Fjellstove må resten av turen fram til sjølve breen gjerast til fots langs god spasér- og kjerreveg. Turen til fots tek ca. 45 min. kvar veg. Det er også anledning til å bestille transport med hest og kjerre for denne turen opp til breen (ca. kr. 260,- pr. person). Hotellet kan ordne med slik bestilling som må gjerast seinast dagen i førevegen. Jostedalsbreen er i Nord-Europa heilt spesiell og har med sine 487 km² status som nasjonalpark. Jostedalsbreen er også den største isbreen på det europeiske fastlandet. Briksdalsbreen er den meste kjende- og mest fotograferte 'brearmen' av Jostedalsbreen. Høve til å kjøpe seg mat og forfriskningar (ikkje inkludert i turprisen) i kafeteriaen på Briksdalsbre Fjellstove. Retur tilbake til Skei i løpet av ettermiddagen. Garanterte avgangar kvar torsdag.
Pris pr. person: Kr 550,-
Sandane og Nordfjord Folkemuseum
Turen går nordover frå Skei til Klakegg. Herifrå gjennom den spesielle og mektige Våtedalen til Breim og Sandane ved Nordfjorden. Vi stoppar for å sjå den imponerande Eidsfossen, med verdas lengste laksetrapp. På Sandane skal vi besøke Nordfjord Folkemuseum. Dette er ei flott samling med restaurerte og heilt intakte gamle hus og bygningar frå Vestlandet, arbeidsreiskapar og bruksgjenstander, ustyr og klesdrakter m.m. Den nye hovudbygningen inneheld m.a. utstillingar og kunstsamlingar, samt ein liten kafeteria. Vi tek ein liten kaffipause her før turen går vidare til gamle Gimmestad Kyrkje frå 1692. Før returen tilbake til Skei vert det tid sjå seg litt omkring og kanskje handle litt i Sandane sentrum. Turen tilbake til Skei går via Reed og Byrkjelo, der vi undervegs får flott panoramautsikt over Breimsvatnet. På vegen gjennom Breim passerer vi også Norsk Fjordhestegard,- det største heste- og ridesenteret i fylket. Garanterte avgangar kvar fredag.
Pris pr. person: Kr. 435,- (inkl. inngangsbillettar og kaffipause på Nordfjord Folkemuseum)
Balestrand
Alternativ I :
Fra Skei går turen langs Jølstravatnet til Vassenden og derifrå vidare over Moskog, Rørvikfjellet og Gaularfjellet til Dragsvik. Undervegs blir det fotostopp på utsiktspunkta på Rørvik- og Gaularfjellet. Etter å ha køyrt langs Esefjorden kjem vi til Balestrand. Besøk i 'den engelske kyrkja', St. Olav`s Church fra 1897. Retur frå Balestrand med hotellbussen til Skei. Garanterte avgangar kvar laurdag.
Pris pr. person: Kr. 395,-
Alternativ II :
Turen går til Balestrand som under pkt. I. Retur fra Balestrand med båt på Fjærlandsfjorden inn til Fjærland. I Fjærland vert du henta for så å returnere gjennom Fjærlandstunnelen og langs Kjøsnesfjorden tilbake til Skei. Høve til besøk på Norsk Bremuseum undervegs. (Tillegg i turprisen på kr. 65,- pr. person.)
Pris pr. person: Kr 650,- (inkl. båtbillett på Fjærlandsfjorden og all transport m/buss/hotellbil).
Alle desse utfluktene blir gjennomført med reiseleiar (turen til Balestrand går utan reiseleiar på returen frå Balestrand tilbake til Skei).



