Nyhetsarkiv   |   Brosjyremateriell   |   Prisar   |   Online booking   |   Linkar   |   Kontakt oss   |   Fotoalbum

Med kurs for nye opplevingar

Det er ofte dei spesielle opplevingane som hjelper oss å hugse det vi lærer. Difor har vi på Best Western Skei Hotel tilrettelagt spennande og varierte kveldsarrangement for våre kurs/konferansegjester. Bli med på kurs for nye opplevingar !

 

En aften i breriket
Hotellet ligg i 'Isbreens Rike' og vi inviterer våre kursdeltakarar til ein 'brerik' aften. Vi startar med ein forfriskning på Norsk Bremuseum i Fjærland der Ivo Caprino sin supervideograf presenterer den majestetiske Jostedalsbreen slik berre dei med venger får sjå den. Vi forflyttar oss til Brevasshytta som ligg heilt inne ved foten av Bøyabreen og har panoramautsikt mot sjølve breen. Her vert middagen servert. NB: Brevandring og helikoptertur over breen kan også organiserast.

 

Kulturkveld i Gamlestova
Velkommen til en minnerik kveld i hotellet si 300 år gamle sperrestove, 'Gamlestova'. Med sprakande peisbål og stearinlys mellom lafta tømmervegger vert det servert tradisjonsrik vestlandskost. Det blir innføring i lokal kulturhistorie og musikk med solid lokal forankring. Ei svært 'jølstersk' ramme rundt ein heilt spesiell kurskveld.

 

Kunsten å leve
Bli med på besøk til Astruptunet, målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880-1928) sin heim, og opplev korleis han levde sitt kunstnarliv. Kunsten i Eikaasgalleriet dannar ei fantastisk ramme rundt resten av kvelden. På Astruptunet ligg målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880-1928) sin heim, nøyaktig slik den var då han sjølv budde og arbeidde der. Astrup henta dei aller fleste motiva sine frå Jølster og vi besøkjer både husa på garden, atelieret og galleriet. På den andre sida av Jølstravatnet tek Eikaasgalleriet i mot oss med si kunstsamling av Ludvig Eikaas og andre kjende kunstnarar. Galleriet blir ei vakker ramme rundt eit kveldsmåltid med levande lys og trollske tonar.

 

Jølsterørret på Jølstratunet
Frå Jølster Fiskesenter vert det arrangert ein fisketur leia av Eivind Fossheim, ein av dei største ekspertane og ressursane i området på Jølstraørret, og på fiske i Jølster generelt.. Etter fisketuren vert kursdeltakarane inviterte på et godt og ferskt fiskemåltid i beste 'jølsterske' tradisjon og i heilt eineståande omgjevnader. Jølstratunet er et lokalt og unikt folkemuseum i miniatyr som består av fleire bygningar, så som 'Eldstova', 'Strandstova' og 'Låven'.