|
I tillegg til dei faste utfluktene som hotellet arrangerer, kan m.a. følgjande utflukter køyrast på førespurnad :
- Flåm og Flåmsbana
- Vestkapp
- Astruptunet og Eikaasgalleriet
- Stardalen og Førde
- Stavkyrkjene langs Sognefjorden
Ein annan populær utflukt som startar på plenen utanfor hotellet er ein helikoptertur over Jostedalsbreen. Ein slik tur tek 15.min. og er ei oppleving for livet.
Helikoptertur Er du klar over at du befinn deg berre ca. 15 minutt frå den største isbreen på det europeiske fastlandet?. JOSTEDALSBREEN Den er i Nord-Europa heilt spesiell og har med sine 487 km² status som Nasjonalpark Vi tilbyr deg en tur med helikopter over dette utruleg vakre norske landskapet. Unn deg 15-20 minutt og vi viser deg djupblå fjordar, grøne fjell og den snøkvite Jostedalsbreen. Gå ikkje glipp av denne eineståande opplevinga ! Helikopterturen startar frå landingsplassen på plenen rett utanfor hotellet. Pris pr. person: Kr 875,- (min. 5 personar).
Flåm / Flåmsbana Frå Skei går turen langs Jølstravatnet til Vassenden og derifrå vidare over Moskog, Rørvikfjellet og Gaularfjellet til Dragsvik. Undervegs blir det fotostopp på utsiktspunkta på Rørvik- og Gaularfjellet. Etter å ha køyrt langs Esefjorden kjem vi til Balestrand. Besøk i 'den engelske kyrkja', St. Olav`s Church fra 1897. Frå Balestrand går turen vidare med ekspressbåten til Flåm. I Flåm startar den spektakulære turen med Flåmsbana opp til Myrdal. Retur frå Myrdal til Flåm med Flåmsbana. Turen går tilbake til Skei med ekspressbåt frå Flåm til Sogndal og vidare derifrå med hotellbil til Skei. Pris pr. person: Kr 1.050,- (inkl. båtbillettar, billettar på Flåmsbana, bompengar samt all transport med buss og hotellbil).
Vestkapp Frå Skei går turen nordover til Klakegg og sidan gjennom den vakre og mektige Våtedalen og Breim til Sandane. Vi fortset til Anda der det er ein kort ferjeoverfart til Lote. Turen går vidare langs Nordfjorden i vakre omgjevnader til Måløy. Her har ein høve til å besøke Kråkenes Fyr heilt vest på Vågsøya. Så kjem vi til Vestkapp, 496 m.o.h. Frå Vestkapp-platået har ein ei utruleg utsikt over det frykta Stadthavet. Vi fortset vidare til Selje. Denne plassen var tidligare hovudsetet til biskopen på Vestlandet. Herifrå kan ein besøke øya Selja, der ein finn ruinane etter klosteret til St. Sunniva. Klosteret vart bygd av Benedictinermunkar tidleg i det 9. århundret. Retur til Skei. Pris pr. person: Kr 725,- (min. 6 personar)
Astruptunet / Eikaasgalleriet Turen går langs sørsida av Jølstravatnet til Astruptunet. Dette var målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880-1928) sin heim. Garden er no museum og ein finn det slik det var då Astrup levde, i dei bratte, men frodige bakkane på sørsida av vatnet. Astrup levde det meste av livet sitt i Jølster. Astrup vert ofte betrakta som ein av de mest norske av dei nasjonale målarne våre. På Astruptunet vert det omvisning i husa på garden, i atelieret og i galleriet som ligg i ein nybygd gjenskapning av den gamle løa på garden. I galleriet finst det permanent utstilling av ei samling av både kjende og mindre kjende arbeid av Astrup. I tillegg er der i periodar spesielle utstillingar. Frå Astruptunet går turen vidare nedover langs Jølstravatnet til Vassenden og derifrå oppover langst vatnet igjen på nordsida mot Skei. På Ålhus vert det besøk på Eikaasgalleriet som ligg i det gamle meieribygget som no er ombygd til galleriformål. I galleriet finst det ei stor samling av ulike arbeid av Ludvik Eikaas, i tillegg til tidvise gjesteutstillingar. Pris pr. person: Kr 395,- (inkl inngangsbillettar på begge musea).
Stardalen og Førde i Jølster Turen går fra Skei til Klakegg. Derifrå vidare innover Stardalen langs Stardalselva til Fonn med utsikt til Fonn-breen, ein arm av Jostedalsbreen, som er Nord-Europas største isbre på fastlandet. Etter ein kort spasertur på Fonn besøker vi Høyseth Turiststasjon, der den mektige Driva-fossen tordnar rett forbi tunet. Etter ein fotostopp på Høyseth, går turen vidare tilbake igjennom Stardalen. Etter ein stopp ved Stardalen Sommarkafé med høve til å kjøpe seg forfriskningar (ikkje inkludert i turprisen), fortset vi så ned til Førde i Jølster. Turen går langs det idylliske Bolsetvatnet og Paulsvatnet gjennom den trange og ville dalen like til Førde ved Breimsvatnet. Dette er eit lite bygdesamfunn som tidligare var eit stopp på 'Den Trondhjemske Postvei', som var den gamle postruta til Trondheim. Retur til Skei etter ein spasertur og fotostopp ved Breimsvatnet. Pris pr. person: Kr 325,-
Stavkyrkjene langs Sognefjorden Langs den midtre og indre delen av Sognefjorden ligg det ikkje mindre enn 4 stavkyrkjer. Den mest kjende og mest besøkte er nok Borgund Stavkyrkje i Lærdalsdalen. Forutan denne kyrkja finn ein Urnes Stavkyrkje ved Lustrafjorden, Kaupanger Stavkyrkje i Kaupanger og Hopperstad Stavkyrkje i Vik i Sogn. På førespurnad kan vi arrangere til turar til ei eller fleire av desse kyrkjene. Pris pr. person vil vere avhenging av m.a. antal passasjerar og val av reiserute.
|