English  |  Deutsch
NyhetsarkivBrosjyremateriellPrisarOnline bookingKontakt ossLinkarTuroperatør login
Kart og Reiseruter

Reisa til Jølster og Skei er ei oppleving i seg sjølv. Dei aller første gjestene som kom til hotellet for meir enn 110 år sidan, kom på grunn av den storslagne og flotte naturen. Dette gjeld også minst like mykje i dag, sjølv om reisetidene er mykje kortare no enn den gongen. Uansett kva veg- og på kva måte ein kjem, er reisa for mange ei stor oppleving.

Bil eller buss
Hotellet ligg i naturskjøne omgjevnader ved nordenden av Jølstravatnet ved Europaveg E-39, halvvegs mellom Bergen og Ålesund og ved riksveg nr. 5 som går til Sogn og vidare austover over langfjella mot Oslo. Her finst fleire gode, daglege ekspressbusssamband til f.eks. Bergen, Lillehammer, Oslo, Trondheim og Ålesund. Meir informasjon om reiseruter, reisetider og prisar på [ NOR-WAY Bussekspress ]. Du finn også mykje god og praktisk reiseinformasjon og prisar for reiser med buss, båt, bilferjer og tog ved å sjå på følgjande sider: [ www.ruteinfo.net ]

Fly
Daglege, gode flysamband til/frå Oslo og Bergen ved flyplassane i Førde og Sandane. Hotellet har eigen minibuss og kan på førespurnad ordne med transport til og frå flyplassane for større eller mindre grupper. For einskildpersonar er det mest lønsamt og praktis å ta flybuss/rutebuss, taxi eller leigebil på flyplassen. Køyretida til Anda Lufthamn/Sandane er ca. 45 min., til Førde Lufthamn, Bringelandsåsen ca. 1 time. Flyplassane i både Florø og Sogndal kan også nyttast og ligg begge kun ca. 1½ timars køyring frå hotellet. Hotellet utarbeider gjerne framlegg til reiseruter og reisetider.

Båt
Du kan også gjere delar av reisa til og frå Skei med båt. Fylkesbaatane i Sogn & Fjordane trafikkerer mellom t.d. Flåm og Sogndal, Leikanger, Balestrand og Bergen begge vegar. Båtane korresponderer med bussar som bringer deg til Skei. Vi kan også gje tilbod på transport med hotellbil til eller frå kai på ein av stoppestadene langs Sognefjorden. Ei reise med båt langs Sognefjorden er garantert ei heilt spesiell oppleving. Fleire opplysningar, ruteinformasjon og prisar finn du på Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Klikk for å sjå interaktivt kart.