English  |  Deutsch
NyhetsarkivBrosjyremateriellPrisarOnline bookingKontakt ossLinkarTuroperatør login
Kurs og Konferanse
Skei Hotel er eitt av dei leiande kurs-/konferansehotella i Sogn og Fjordane fylke og har ialt 16 kurs- og møtelokale av ulik storleik. Kjerna i konferanseavdelinga er ”Jølstersalen” med plass for inntil 400 deltakarar. ”Jølstersalen” kan delast inn i 3 om lag like store møtesalar;- ”Dvergsdal”, ”Helgheim” og ”Viken”, som kvar tek om lag 150 personar i kinosal og ca. 100 personar i klasseromsoppsett. Salen kan også delast i to delar, der den største tek inntil 300 personar i kinosal og 200 personar i klasserom.

Samtlege møterom er utrusta med standard teknisk utstyr og har både kablebasert og trådlaus internett-tilgang. Alle møteromma kan ellers utstyrast etter ønskje og behov. Hotellet har sjølv rikeleg med med moderne, godt og tidsmessig møteromsutstyr. Eige lyd- og lysanlegg i Jølstersalen.

Hotellet har eigen kursvert som syter for at alt fungerer som det skal under kurset eller møtet, og vi har eit eige kurskontor som er tilgjengeleg for kursleiar. Høg kvalitet og eit breitt aktivitetsspekter saman med sentral plassering i landsdelen gjer hotellet svært godt eigna for avvikling av møter, kurs og konferansar. Vi tek også på oss å ordne transportoppdrag for heile konferansegrupper.


Les meir om:

Kapasitet og Planteikning møterom