|
Hyggeleg og komfortabelt hotell med tradisjonar frå 1889
Best Western Skei Hotel vart grunnlagt for meir enn 118 år sidan som overnattingsstad for både norske og utanlandske vegfarande og etterkvart også som feriehotell for m.a. engelske sportsfiskarar i Jølstravatnet. Hotellet har gjennom alle desse åra gjennomgått ei rivande utvikling med ei rekke utvidingar, ombyggingar og moderniseringar og framstår i dag som ei moderne, komfortabel og velrenommert hotellbedrift, som også tilbyr eit breitt og variert spekter av aktivitetar både ute og inne.
Med si svært sentrale plassering i landsdelen, er Best Western Skei Hotel eit ideelt utgangspunkt for dagsturar med eigen bil eller med hotellbussen til å oppleve nokre av dei flottaste og mest kjende naturperler, turistattraksjonar og kulturminnesmerke som Vestlandet kan by på. Under emnet "Dagsturar" på hovudmenyen vil du finne mykje meir informasjon om akkurat dette.
Hotellet ligg også svært gunstig til både i Sogn og Fjordane fylke og i landsdelen elles for avvikling av møter, kurs og konferansar. Med betre vegar, kortare reiseavstandar og betre kommunikasjonar, er reisetida til Skei frå dei fleste stader i fylket korta mykje ned dei seinare åra. Det same gjeld avstand og reisetid frå våre to næraste storbyar, Bergen og Ålesund.
Hotellet vart grunnlagt av Tollef Gabrielson Skrede i 1889 og 3. og 4. generasjon av familien Skrede er framleis aktivt med i drifta av hotellet. Vil du vite meir om hotellet og aktivietstilbodet, kan du berre klikke på dei ulike linkane øverst på sida.
|