Nyhetsarkiv   |   Brosjyremateriell   |   Prisar   |   Online booking   |   Linkar   |   Kontakt oss   |   Fotoalbum

Historikk

Då Tollef Gabrielson Skrede tok imot dei første gjestene på 'Hotel Skei' den 23. juli 1889 hadde hotellet ca. 30 sengeplassar. Kun få år seinare vart dette talet dobla. Gjestebøkene viser at her allereie i dei første åra var gjester frå nær sagt heile verda.

Alt i 20- og 30-åra kunne hotellet m.a. tilby: varmt og kaldt vatn på alle rom, stor spisesal, festsal, fleire salongar, tennisbane og gode tilhøve for sportsfiske i Jølstravatnet og i andre småvatn og elvar i området. Det opprinnelege hotellbygget i 'Schweizer-stil' vart seinare øydelagt av brann.

Igjennom alle desse åra har hotellet gjennomgått ei lang rekke ombyggingar og utvidingar, seinast vinteren 2006/2007 då hotellet gjennomgjekk den største enkeltståande utvidinga i hotellet si historie. Då vart det m.a. bygd ei heilt ny kurs- og konferanseavdeling med plass for inntil 400 personar og 24 nye gjesterom.